Tandberg slekten på Ringerike

Bernhard Tandberg1915

Navn
Bernhard Tandberg
Fornavne
Bernhard
Efternavn
Tandberg
Født 12. april 1915 30 23

Brors fødselOlav Tandberg
3. oktober 1918 (Alder 3 år)

Død
Familie med forældre - Vis familie
far
mor
lillebror
-4 år
ham selv
søster
Privat
Familie med ? ? - Vis familie
ham selv
hustru
søn
Privat

Note

Dramaet ved Liaset/Øyvatn i Nes 1944

Skrevet av Einar O. Hanserud

1944 vart det mest dramatiske krigsåret i Nes. I løpet av nokre haustveker mista 13 mann livet som følge av krigshandlingar. Natta til 17. september styrta eit britisk Lancaster bombefly ved Saupeset i Rukkdalen og dei 9 soldatane ombord omkom. I første veka av oktober kom så dei dramatiske hendingane i området Liaset /Øyvatn der 3 unge heimefrontkarar vart skotne av okkupasjonsmakta. Denne historia skal vi sjå nærare på i denne artikkelen. Øyvatn 2005. Dette bildet viser øya med ei fiskehytte, var staden der dei to telegrafistane oppheld seg. Denne hytta ny, men ho står på same plassen som den gamle. Den som sto der under krigen vart brent av tyskarane. I slutten av september 1944 vart det etablert ei gruppe milorgkarar, dei fleste frå Nes. Hovudoppgava var å ta imot flyslepp inne i Nesfjella. Dei vart sendt opp til Liaset innanfor Rukkedalen og forlagt i hytta til Bernhard Tandberg. Det vart snart klart at det var for risikabelt å bli verande der då det ofte kom folk opp til Liaset. Dei vart difor flytt lenger inn i fjellet. Ti mann tok inn på ei hytte inne ved Vesle-Øyvatn, mens to skulle vera i ei lita fiskebu som Bernhard Tandberg hadde på ei øy ute i Øyvatn. Dei som låg inne ved Vesle-Øyvatn var: Nub Østenfor (lagleiar), Ovar Andersen, Gudbrand Dokken, Eilif Finnerud, Herbrand Hjallen, Amund Rasmushaugen, Harald Svendsen, Rolf Såtvedt, Olav Tandberg og Olav Tyribakken. I fiskebua ved Øyvatn låg dei to telegrafistane Arne Vibe frå Hokksund og Kjell Andersen frå Bergen. I tillegg låg òg Erling Lorentzen i denne hytta når han var i området. Han var utdanna Linge-kar og var sjefen for dette slepprosjektet. Han var mykje på farten rundt omkring i Hallingdalsfjella. Onsdag den 4. oktober 1944 sat karane i hytta ved Vesle-Øyvatn og pussa våpen. Då ein av karane sette i magasinet etter å ha pussa ferdig våpenet sitt, gikk det plutseleg av eit skot. På uforklarleg vis hadde ei kule vorte sitande att. Kula gjekk gjennom leggen til Nub Østenfor og knekte leggbeinet. Kameratane la den såra på ryggen og surra ei reim om leggen for å stanse blodtapet, mens Ovar Andersen straks reiste ned til Nesbyen for å hente lege. Distrikstlegen, Ole Glesne, var ikkje heime. I staden måtte Andersen kontakte den unge legen, Arnfinn Teigen. Teigen hadde nokre månader tidlegare vorte sett fri frå gruppa med arresterte studentar i Tyskland, og hadde kort tid før kome til Nesbyen for å begynne i praksisen til dr. Schive. Teigen vegra seg då han forsto at dette kunna bli farleg for han i og med at han nyleg hadde vore tysklandsfange. Andersen tagg og ba, og understreka at Østenfor måtte ha lege, og at det ikkje var andre legar å få tak i. Teigen ga då etter, og vart med til Liaset. I hytta viste det seg at såret var såpass komplisert at Teigen ikkje ville ta ansvaret for ein fullgod operasjon der og då. Han meinte at Nub måtte på sjukehus. Dette måtte då bli til Drammen. Transporten til Drammen Sjukehus vart ordna. Erik Persmoen køyrde. Teigen hadde ein svoger, Magnus Dahle, som var sjeflege i Drammen. Nå sende han med eit brev til svogeren der han ba om diskret behandling. Karane som følgde med i drosja, fekk beskjed om at dette brevet var farleg. I tillegg til sjåføren var Hans Jorde og Gudbrand Dokken med i bilen. Østenfor fekk òg med seg ryggsekken sin, og i den låg uheldigvis ei engelsk førstehjelpspakning. Denne feltpakninga vart opphavet til ei lang rekke ulykker. I Drammen vart bilen stoppa av ei tysk patrulje i ein rutinekontroll. Dei ransaka bilen og fann m.a. den engelske feltpakninga. Snart kom òg brevet til sjeflegen for dagen. Så følgde forhøyr i gestapokvarteret i Bergstien. Dei prøvde seg med utflukter, men sanninga kom etter kvart fram. Nub vart send til sjukehuset med væpna vakt. Dei tre andre vart sette inn på Grini der dei vart verande til krigen var slutt. Nub Østenfor vart seinare sett fri på dramatisk vis av 6 motstandsfolk i Drammen. Denne aksjonen vart sett i gang trass i at distriktssjefen i milorgdistriktet hadde lagt ned forbod mot at noko vart gjort. Karane kjente organisasjonen for godt, og risikoen for at noko skulle gå gale var for stor. Nå visste alle dei impliserte at Nub Østenfor verkeleg sat hardt i det. Same månaden vart ein annan motstandsmann, Borgar Aune-Knudsen, brakt til Drammen Sjukehus etter å ha fått eit skot i eine kneet. Dette hende etter at tyskarane hadde avslørt motstandsleiren på Brattvollen i Holleia. Milorgfolk var klare til å gå inn på sjukehuset for å frigjera pasienten, men same kvelden som aksjonen skulle setast i verk, 26. oktober, vart Aune-Knudsen sendt til Akershus festning. Han vart skoten av tyskarane 10. februar 1945. Blant dei som nå ville gjennomføre aksjonen for å frigjera Nub Østenfor, var ein tilsett ved sjukehuset og fleire var politifolk ved Drammen Politikammer. Mannen som var sett som vakt over Nub på sjukehuset, var òg norsk politimann. Han var informert om det som skulle gå føre seg. Karane tok heisen opp og fekk låst alle sjukesøstrene på avdelinga inne på eit rom. Desse fekk så beskjed om at dei kunna ringe politiet etter ein time! ”Vaktmannen” fekk seg ein ”liksomlusing” slik at uniformslua hans vart liggjande borte i ein krok, fekk så bind for augo, og vart teken med ut. (Ingen av kjeldene eg har brukt seier noko om kva som hende seinare med denne vaktmannen). Nub som låg lenka til senga, vart trilla ut i korridoren og ned i bakgården der dei klipte han laus. Han vart så køyrt vekk og gøymt i kjellaren på kabelfabrikken i Øvre Storgate. Her vart han liggjande i eit hemmeleg, svært kummerleg rom i ei snau veke. Etter ytterlegare dramatikk der det av og til var så vidt båten bar, fekk dei han over til Sverige. Frigjeringa av Nub førte til fleire arrestasjonar i familien til Nub. Alle med etternamn Østenfor vart arresterte, men alle vart snart sette fri med unnatak av Odd Østenfor, bror til Nub. Han vart sendt til Grini, og sat der til mai 1945. Også Dahle og kona hans vart arresterte. Kona, som då var gravid, vart sett fri, men Dahle sat på Grini heilt til freden. I Bergstien førebudde gestaposjef Grossmann seg til utrykning. Han reiste frå Drammen i 11-tida om føremiddagen den 5. oktober. Same føremiddagen fekk doktor Teigen ein telefon som det var noko kluss med. Dette var ikkje uvanleg i dei tider. Det var fru Eva Teigen som tok telefonen, og ho høyrde at ho nokre sekund var inne på linja til Deutsche Sicherheitsdienst/Gestapo, men det vart sagt at telefonen var frå Drammen Sjukehus. Dr. Teigen fekk så telefonen sjølv, og mannen som kom på tråden, sa at han var reservelege ved sjukehuset, og at han nå var interessert i å veta om såret som Nub Østenfor skulle behandlast for, kunne vera eit skotsår. Teigen tenkte ikkje over at dette kunne vera ei felle, og svara at det nok var slik. Same kvelden var Teigen på Øyes Hotell der bridgeklubben hadde spelekveld. Då han noko seint kom heim til pensjonatet, vart han møtt av ein jernbanemann som ba om å få prate med han. Jernbanemannen, John Andersen, var gruppesjef i heimefronten. Han hadde fått høyre nokre urovekkjande nyheiter som han ville prate med doktoren om. Tannlege Galtung i Drammen hadde mange gode kontaktar i Nes. Han hadde fått kjøpt noko sauekjøt i Nes, og dette kjøtet vart teken med i drosja til Persmoen då Nub Østenfor vart frakta nedover. Då kjøtet ikkje kom fram slik det var avtalt, begynte Galtung å undersøkja litt, og fekk høyre at Persmoen var arrestert. Han ringte då til Arne Eidal i Rukkedalen og fortalde det han hadde fått greie på. Desse opplysningane var det John Andersen hadde fått nyss om. Han visste at Teigen hadde vore på fjellet for å ta seg av Nub, men noko meir var han ikkje informert om. Då Eva Teigen fortalde han om den merkelege samtalen tidlegare på dagen, vart han uroleg og råda Teigen til å koma seg i dekning med det same. Eva og Arnfinn Teigen hadde for dårlege erfaringar med tyskarane til å ta nokon sjanse på at dette kunna vera falsk alarm. Dei valde å ta rådet frå Andersen alvorleg, og flytta med det same til nokre venner. Dette vart reint førebels før dei kom seg vekk frå Nes. Dommarfullmektig Elling Agder budde òg på Dokken Pensjonat saman med kona si Lisbeth og den 9 månader gamle sonen, Erling. Agder var født i 1914 og var altså 30 år gammal. Han hadde vore med i kampane i 1940 som fenrik i hæren, og hadde seinare vore med i milorg noko han framleis var. Då han fekk høyre om den mystiske telefonsamtalen som dr. Teigen hadde hatt tidlegare på dagen, vart han straks mistenksam. Han tok kontakt med John Andersen, og dei vart då samde om at Agder og Knut Hjallen skulle reise opp til Liaset og få varsla dei som låg i dei to hyttene. Dette var ca midt på natta. Dei to karane fekk låne den bilen som doktor Teigen brukte, og som var merka med Lege i praksis. På Liaset møtte dei Knut Eidal. Dei vart samde om at Knut skulle reise innover til Øyvatn og varsle, mens dei to andre skulle reise nedover att. Knut Gulbrandsen, som hadde arbeidet sitt i Tollefsgard og var med i heimefronten, vart òg med i bilen. Ved museet gjekk han av. Han meinte at dei to andre burde seta bilen ved mølla og overnatte hos han i gamlestugu i Tollefsgard. Agder meinte dei hadde tid til å seta bilen på plass. Han sa at det var viktig at alt var så normalt som råd, og at bilen då burde stå der han høyrde til. Då dei kom køyrande inn i garden ved Dokken pensjonat, var klokka mellom 2 og 3 natt til 6.oktober. Tyskarane hadde då kome fram til Nesbyen like før. På grunn av motorstopp og punktering hadde dei vorte mykje forseinka. Dei hadde spurt seg fram til Dokkens pensjonat der doktor Teigen budde. Randi Dokken sto og prata med tyskarane og eit par norske nazistar. Dei hadde akkurat kome inn på gardsplassen. Nå spurde dei etter dr. Teigen. Då ho såg bilen utbraut ho: ”Der kjem han”. Men Teigen var alt i dekning. Dei to heimefrontkarane i bilen vart straks tekne hand om av gestapo. Elling Agder vart så teken med inn til forhøyr medan den tyske sjåføren skulle passe på Knut Hjallen i bilen. Mens dei var der, såg Knut sitt snitt til å koma seg ut av bilen og fekk rive fram ein pistol som han hadde gøymt i buksa. I forvirringa som dette førte til, kasta han seg rundt og la på sprang, hoppa over eit gjerde, og greide å koma seg vekk, mens tyskarane skaut etter han. At det var mørkt og at han hadde våpen med seg, gjorde det nok ikkje spesielt fristande å følgja etter han. Det vart fortald seinare at det var kulehol i jakka hans utan at han vart skadd. Oppe ved Øyvatn hadde alle fått melding om kva som kunne vera på gang, men dei meinte at det ikkje hasta, og valde å ta det noko med ro. I ettertid kan ein berre undre seg over at dei to telegrafistane, Kjell Andersen (f 1919) og Arne Vibe (f 1915), ikkje kom seg vekk frå hytta ute på øya i Øyvatn. Då dei fekk meldinga om mogleg tysk aktivitet i området, låg Olav Tandberg òg i hytta på øya. Han valde å flytte vekk og til hytta lengre inn i fjellet. Dette redda truleg livet hans. Laget som låg i denne hytta sette heller ikkje ut vakter før det leid ut på morgonsida den 6. oktober. Då hadde gestapo vore i Nesbyen alt i fleire timar, og hadde nå nådd fram til Øyvatn saman med 60–70 wehrmachtsoldatar, som ein hadde henta frå Gol. Det er berre så altfor tydeleg at karane i hyttene ikkje vurderte varsla dei hadde fått alvorleg nok. I etterpåklokskapens lys har mange undra seg over dette. Kritiske røyster har t.d. hevda at ein trena commandosoldat som Erling Lorentzen burde ha sett kor farleg det kunna bli for karane i denne hytta i ein gitt situasjon. Å liggje på ei øy for motstandsfolk, var i utgangspunktet ei opplagt felle. Agder var nå den personen tyskarane kunna utnytte. Dei tvang han med seg for å få han til å vise vegen til heimefrontkarane ved Øyvatn. Han fekk handjarn på seg under frakken. Kva som har hendt oppe i Liasetvegen, får vi aldri veta sikkert. Grossmann fortalde etterpå til lensmann Høva at Agder hadde prøvd å flykte, og at han då vart skoten straks. Dersom Grossmanns historie stemmer, kan det tyde på at Agder nærast har framprovosert ein situasjon som for han berre kunna ende med at han kom til å bli skoten. Dette kan han ha gjort for å sleppe og seta heimefrontkarane inne i fjellet i fare. Agder var ein godt trena idrettsmann med sprint som spesialitet, men med hendene i handjarn under frakken og mange tyske soldatar omkring, var sjansen for å koma seg vekk ein umogeleg tanke sjølv om han var aldri så lett på foten. Noko som talar for at Grossmanns historie er rett, er at Agder tidlegare hadde sagt til kona si at dersom han eingong vart arrestert av tyskarane, ville han heller prøve å flykte enn å risikere å sprekke i eit torturforhøyr og dermed seta heimefrontfolk i fare. Det som ikkje ser ut til å stemme er at for dei som fann han, såg det ut som om han var skoten på kloss hald med maskinpistol. Slik sett liknar dette på ei regulær avretting. Då lensmannen hadde fått meldinga om kva som hadde hendt, ga han beskjed vidare til fru Lisbeth Agder. Saman med Sissel Stensrud, lensmannsfullmektig Thorleif Grimsgård, advokat Sverre Askvig og Lars Stenmoe reiste dei oppover mot Liaset, og etter 2 – 3 timars leiting, fann dei liket av Agder.

Note

Då to av karane i hytta innanfor Øyvatn skulle på vakt, høyrde dei på lang lei dei tyske soldatane som då var på veg på begge sider av vatnet. Vibe og Andersen hadde aldri ein sjanse til å koma seg vekk frå hytta ute på øya. Dei var i utgangspunktet fanga i ei felle. Då dei skulle prøve og koma seg unna ved å ro ut på vatnet, vart dei skotne straks. Dei vart begge senka i vatnet av tyskarane. Vibe vart funnen sommaren etter, mens Andersen flaut opp først i 1953. Karane lengre inne i fjellet kom seg straks ut av hytta, og kom seg unna i det uoversiktlege lendet. Nokre havna i Tunhovd mens andre kom seg ned til Svenkerud, andre att over til Votndalen. Fleire av karane drog attende til Nes etter ei tid og låg i dekning i ei hytte i Austmarka. Ca. tre veker etter dette dramaet, fekk ein norsk fange i ein tysk SS-arbeidsleir i Elsass ei pakke frå familien sin. I tillegg til gråpapiret bestod innpakninga òg av eit gammalt nr. av Aftenposten. Dvs. gammalt var det ikkje, berre ca to veker. Sjølv om alle visste at avisa var strengt sensurert, var dette likevel eit lysglimt i det helvete desse fangane til dagleg opplevde som slavearbeidarar for ”herrefolket”. Det vart sett opp ventelister for å få lesa avisa. I denne noko spesielle aviskøen var òg Håkon Næss, opphaveleg frå Voss, men trulova med ei jente frå Nes. Der hadde han hatt arbeid som lærling ved Hallingdal Apotek og budde då på Dokken Pensjonat.

Han fekk rom vegg i vegg med Elling Agder. Dei to karane prata mykje saman, og Håkon fekk høyre ein god del om milorgaktiviteten til Agder. Kjennskapen utvikla seg til å bli eit varmt vennskap. Hausten 1943 vart Håkon arrestert og sendt til den berykta Buchenwald-leiren ved Weimar i Türingen. Seinare vart han overflytta til ein SS-arbeidsleir borte i Elsass der han nå var. Då turen til å lesa avisa endeleg var komen til han, saumfor han kvar side. Til slutt kom han til dødsannonsene. Plutseleg såg han eit kjent namn. Elling Agder. I annonseteksten sto det at han ”ble plutselig revet fra oss”. Konsentrajonsleirfangar var vant til litt av kvart, men dette var likevel eit sjokk. Det vart noko anna. Det gjaldt ein god venn og aktiv motstandsmann. Håkon visste med ein gong at noko hadde gått frykteleg gale i Nes. Kanskje kunna dette omfatte fleire enn Elling Agder. Det bekreftande svaret på dette fekk han då han kom attende til Nes i slutten av mai 1945.

Note

Den 6. oktober 1992 vart det etter initiativ av Nesbyen Rotaryklubb avduka minneplater over dei tre falne ved Liasetvegen og ved Øyvatn. Fleire av heimefrontkarane som var med inne i fjellet her i 1944, var då òg til stades. Ingvar Daae held minnetale over telegrafistane som vart skotne ved Øyvatn. Fra venstre: Amund Rasmushaugen, Ellef Finnerud, Rolf Såtvedt, Ingvar Daae (frå Rotary), Harald Svendsen og Olav Tandberg. Det same var fru Lisbeth Agder, sonen Erling og eit barnebarn. Familien til Kjell Andersen var òg representert. Ved avdukinga av minneplata over Elling Agder, held Håkon Næss ei minnetale over vennen frå krigstida. Det er tradisjon at hendinga blir nemd kvar 17. mai ved bautasteinane ved Nes kyrkje. Saman med minnestunda over dei britiske flygarane som omkom ved Saupeset berre ca 3 veker før Liasetdramaet, er dette høgdepunktet for feiringa av Grunnlovsdagen i Nes.